Raudbrun trøye, kort grøn vest og knebrok

Denne bunaden byggjer på kle frå tidleg 1800-talet.

TRØYA
Flasketrøye av raudbrun vadmål. Den har ikkje krage, men er kanta med grøne ullband langs halsringing og framkantar. Knappane er av messing.

VESTEN
Grøn kort vest i vadmål prega av empiremoten. Trøye og vest har same type messingknappar.

KNEBROKA
Svart knebrok i vadmål med brei bloke og høgt liv. Messingknappar av ulik type på klaff og linning. Ei brok har fire danske shillingsknappar av sølv ved knesplitten. Ei anna brok
har messingknappar. Alle knappar er kopiert etter originalar.

SELAR av grindvovne band med messingspenner held broka oppe.

BELTET er eit smalt brunt lærbelte med to eller tre messingspenner.

SKJORTA er i grov lin med høg skjortekrage og broderi på hals- og ermlinningar.

Rundt skjortekragen kan ein knytte eit silketørkle i ulike fargar og mønster.

Hatt eller strikka topphue kan brukast til bunaden.