TIPS OG RÅD

STELL AV BUNADEN

Heng mannstrøya og vesten på ein brei hengar med stong til broka. Rull silkekluten rundt ein papprull trekt med eit utvaska stoff og dekk den med stoff. Bunaden oppbevarast best i ein stoffpose – ikkje bruk plast.

Vreng stakken på bunaden slik at livet heng inni stakken. Er livet ope i sidesaumane, kan ein tre stanga på ein dobbel klehengar mellom fram- og bakstykket på livet, og feste livet med sikringsnåler over stanga. Ein kan òg sy hemper i linninga og henge stakken etter dei. Bunaden oppbevarast best i ein stoffpose – ikkje bruk plast.

Kvar gong skjorta har vore brukt, vaskar du den for hand med eit mildt vaskemiddel, t.d. Milo. Skyl godt og la den drypptørke. Dersom ein vrir skjorta, brest linfiberen, og ein får brettar som er vanskeleg å få bort.

Skjorta oppbevarast ustroken i ein kvit stoffpose eller eit handkle. Skjorta dynkast og får liggje og trekke ei tid. Stryk så på vranga. Glatt til sist over den på retta.

La aldri ei bunadskjorte liggje lenge uvaska, då festar skiten seg, og ho vert verre å få rein. Særs skitne kragar og ermlinningar kan ein gni inn med litt Zalo før vask.