HISTORIE

Audhild Viken

audhild-vikenFirmaet Audhild Vikens Vevstove vart etablert i 1950 i Skei i Jølster. Olina Fossheim (1887-1969), mora til Audhild, var ei føregangskvinne i husflidsarbeidet i Jølster. Ho hadde skaffa seg uvanleg stor kunnskap som ho formidla vidare, og dette var nok ei viktig årsak til at Audhild satsa på veving. I ei tid då mange var i ferd med å vende ryggen til det gamle, tok Audhild vare på og hjelpte til med å spreie husflidstradisjonane.

Les meir

Sunnfjordbunaden

sunnfjordbunadI 1987 hadde bunadsnemnda i Sunnfjord Ungdomslag ferdig det første framlegget til bunad for kvinner i Sunnfjord. Det omfatta seks fullstendige drakter med variantar av dei ulike delane, opplut, skjorte, stakk, forkle, hue og trøye. Nemnda har sett på det som finst av draktplagg frå Sunnfjord på Historisk museum i Bergen, Norsk folkemuseum på Bygdøy og Sunnfjord museum i Movika.

Les meir