Grøn bunad

Denne bunaden er utvikla av Fiskerifagskulen i 1924 i Florø.

Opplut med grindvevne band, vevd belte med lange fandband. Livlinje i midja og snøring i brystet. Hals- og ermeopningane er kanta med raudt ullstoff, og innanfor kantane er det påsett grindvevne band. Same type band brukast også som dekor i ryggen.

Oppluten vert halden saman med tre sett sølvmaljer og sølvsnor. Maljene er festa på dei karakteristiske maljeklutane. Desse er brodert med korssting på linstoff.

Stakken er i svart toskaftvevd ullstoff med smale foldar. Den har ein grøn kant nedst og er pynta med det same grindvovne bandet som på oppluten.

I livet er det eit breidt grindvove band med to lange fangband midt framfor.