TIDSFRISTAR FOR BESTILLING

Nedanfor er rettleiande tidsfristar for bestilling av bunad. Vi tek atterhald om at vi kan bli fullbooka før fristen, eller at vi framleis har kapasitet etter at fristen er gått ut. Ta kontakt med oss så avtalar vi leveringstid.

Det er naudsynt med tre møter undervegs i prosessen, der du prøver plagget før vi syr vidare. Du må difor ha høve til dette i tidsperioden frå bestillinga er gjort til bunaden er levert.

Skjorter:

Skjorter bør tingast før midten av september, og vil bli levert våren etter, uavhengig av når på året dei er bestilt.

Sy sjølv/Klippepakke:

Om du skal på kurs, eller vil sy bunaden sjølv, tilrår vi at du tingar klippepakke mellom mai og september. Vi ringjer deg når klippepakka er klar til henting.

Konfirmantar:

Januar-mai er først og fremst sett av til konfirmantar. Vi tilrår at du legg inn ei bestilling mellom mai og oktober for at bunaden skal bli ferdig året etter. Når bestillinga er gjort kallar vi deg inn til måltaking.

Dame- og herrebunad:

Vi tilrår at du legg inn bestilling mellom mai og midten av oktober. Då vil normalt bunaden vere ferdig til jul, alt etter vår kapasitet og arbeidsmengde.