OM OSS

Bunadsproduksjonen til Audhild Viken AS er dessverre avvikla pr mai 2023. 

Audhild Viken er eineforhandlar for alle stoff, band, sølv og anna draktmetall som er spesiallaga for dei rekonstruerte bunadene til kvinne og mann, slik dei er utarbeidd av bunadsnemnda i 1982.

large (2)Vi har òg alt anna som høyrer til bunadane, som sko, hattar, silkeklutar osb.

Vi syr kvinne- og mannsbunader etter mål i nært samarbeid med dei som har rekonstruert draktene. Dette er ei vidareføring av arbeidet som Audhild Viken (1915- 2000), og mor hennar Olina Fossheim (1887-1969), gjorde. Olina tok tidleg til med å arbeide for å ta vare på den gamle bygdedrakta i Jølster, og mykje av det ho hadde teke vare på danna grunnlaget for dei første rekonstruerte bunadane.

Audhild Viken la ned eit stort arbeid for å ta vare på vevtradisjonane i Jølster. I 1947 grunnla ho Audhild Vikens Vevstove, som etterkvart, utanom vevstova, omfattar systove for bunader og fleire gåve- og suvenirbutikkar i landet. Audhild Viken AS held i dag fram med det som den arbeidsame eldsjela Audhild Viken starta på 1950-talet, nemleg det å forvalte og bringe vidare den rike norske kulturarven.

Vi syr i hovudsak sunnfjordbunad, men kan òg levere sognebunad og nordfjordbunad. Ta kontakt med oss om du er interessert.