SUNNFJORDBUNAD

I 1987 hadde bunadsnemnda i Sunnfjord Ungdomslag ferdig det første framlegget til bunad for kvinner i Sunnfjord. Det omfatta seks fullstendige drakter med variantar av dei ulike delane, opplut, skjorte, stakk, forkle, hue og trøye. Nemnda har sett på det som finst av draktplagg frå Sunnfjord på Historisk museum i Bergen, Norsk folkemuseum på Bygdøy og Sunnfjord museum i Movika.

sunnfjordbunadSærskilt må nemnast innsamlinga av plagg i privat eige i Jølster som kulturstyret i kommunen gjorde, og som nemnda fekk bruke. Nemnda har også brukt fotografi, akvarellar, munnlege og skriftlege kjelder som fortel om draktskikkane. Nemnda har følgt Bunad- og folkedraktrådet sine retningsliner for rekonstruksjon av bunader.

Viktigast er at plagga som skal kopierast må høyre til same drakttype, og vere frå same område og tidsperiode. Modellane skal vere nøyaktige kopiar av dei gamle plagga. Sidan det til denne tid ikkje er funne draktmateriale frå andre bygder i Sunnfjord enn Jølster, er drakter frå Jølster lagt til grunn for rekonstruksjonen. Bunaden kan likevel brukast av kvinner frå heile Sunnfjord.

Plagga som er kopierte har alle vore vanlege i si tid med omsyn til fargar, pryd og materiale. Det er eit alderdommeleg draktmateriale; plagga kan daterast til førstninga av 1800-talet, men kan i stil og form førast attende til 1600-talet. Arbeidet fekk god omtale i Bunad- og folkedraktrådet. Den gamle folkedrakta i Sunnfjord var ikkje sydd saman i livet. Stakken vart hekta fast på livet, for då kunne ein variere mellom ulike liv og stakkar. Det var òg reglar for korleis ein skulle kle seg; ein skilte mellom høgtid og helg. Det var ikkje vêret og temperaturen ute som avgjorde korleis ein skulle kle seg.

Mannsbunaden med raud trøye, grøn vest og svart knebrok vart for første gong synt fram på Noregs Ungdomslag sitt stemne i Førde sommaren 1964. I 1987 starta arbeidet med å revidere bunaden for å få han i samsvar med retningslinene til Bunad- og folkedraktrådet. Mønster, saumteknikkar og materialar er endra for å få den i samsvar med det gamle draktmaterialet. Denne bunaden byggjer på plagg frå tidleg 1800-talet. Bunadsnemnda fann òg plagg frå andre tidsperiodar, som kunne vere grunnlag for andre utgåver av mannsbunader. Ut frå det er det rekonstruert èin sunnfjordbunad på grunnlag av ein draktskikk frå siste halvdel av 1800-talet, og èin frå slutten av 1700-talet.

Alle plagga til både kvinne- og mannsbunaden er handsydde.