AUDHILD VIKEN

Her vil du få eit glimt inn i Audhild Vikens historie, ei unik bedrift, som har tatt vare på dei rike husflidstradisjonane.

audhild-vikenFirmaet Audhild Vikens Vevstove vart etablert i 1950 i Skei i Jølster. Olina Fossheim (1887-1969), mora til Audhild, var ei føregangskvinne i husflidsarbeidet i Jølster. Ho hadde skaffa seg uvanleg stor kunnskap som ho formidla vidare, og dette var nok ei viktig årsak til at Audhild satsa på veving. I ei tid då mange var i ferd med å vende ryggen til det gamle, tok Audhild vare på og hjalp til med å spreie husflidstradisjonane.

Under 2. verdskrig var det, i mangel av andre tekstilartiklar, enkelt å få selt husflidsprodukt. Dette heldt fram også dei fyrste etterkrigsåra, men kring 1952-53 tok det slutt. Butikkane fekk andre varer, og det vart vanskelegare å omsetje husflid. Vevstolane vart ståande tomme og ferdige husflidsprodukt enda ofte på lager på loft og i kjellar.

Audhild vart seljar i Bremanger, og kundane stod med pengane i neven og ville betale med det same. Ho protesterte – ho kunne jo ikkje ta i mot pengar før dei hadde fått varene. ”Vil du ikkje ta i mot pengane no, så kan det vere det same”, sa
 dei. Ho tenkte som så, at det ho ikkje rakk å veve sjølv, kunne nabokonene hjelpe ho med. Slik kunne dei tene pengar dei óg.

Denne filosofien vart eit viktig grunnlag i utviklinga av marknadsførings- og salstalentet til Audhild. Fleire og fleire vevarar fekk arbeid. Salsmetoden var å gå frå dør til dør, og ho fann ut etter kvart at ho ikkje måtte gløyme nokon,
 for då vart dei nesten fornærma. På det nesten veglause Bremangerlandet vart alle slags transportmiddel brukte; robåt, trillebår og sykkel der det var vegar.

audhild-viken-mopedAudhild arbeidde målretta med kvalitet og fargar, som ho visste var topp. Audhild gjorde eit viktig stykke arbeid med å gå føre og vise veg for norsk husflid. Mottoet ho har hatt for arbeidet sitt, kan stå både som eit symbol for hennar eigen innsats og som ei rettesnor for norsk husflidsarbeid og kulturarbeid generelt: Du veit ikkje kva du greier før du prøver, og det er utruleg kva du greier om du vil.

Såleis har Audhild Viken vore ein viktig utøvar i arbeidet med å føre vidare eit handverk og ein tradisjon som var i ferd med å gå i gløymeboka.

Audhild Viken har fått tildelt både Kongens fortenestmedalje og Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane for sitt arbeid for husflidsnæringa.

I ei tid då mange var i ferd med å vende ryggen til det gamle, tok ho vare på og hjalp til med å spreie husflidstradisjonane. Ho har lagt stor vekt på kvalitet i arbeidet med å atterreise gamle handverkstradisjonar, samstundes som ho har hatt eit ope sinn for utvikling av nye produkt tufta på gode norske tradisjonar.

Audhild Viken AS held i dag fram med det som den arbeidsame eldsjela Audhild Viken starta på 1950- tallet, nemleg det å forvalte og bringe vidare den rike norske kulturarven.