Svart ullaskjorte, blå vest og sid brok

Denne bunaden byggjer på kle frå etter midten av 1800-talet.

TRØYA («ullaskjorta») er i svart vadmål. Bak er det felt inn kilar, «sne» eller «stegler», som ligger i fire faldar og gjev vidde. Trøya har brynjer på skuldrene.

VESTEN er i mørk blå vadmål og med låg krage. Den har messingknappar.

SID BROK i svart vadmål. Ho har brei klaff. Messingknappar på klaff og linning.
Alle knappar er kopiert etter originalar.

GRINDVOVNE TREPUNKTSELAR held broka oppe.

BELTET er eit smalt brunt lærbelte med to eller tre messingspenner.

SKJORTA er i grov lin med høg skjortekrage og broderi på hals – og ermlinningar.
Ei anna skjorte er i grov lin, og har låg krage og er utan broderi.

Rundt skjortekragen kan ein knytte et silketørkle i ulike fargar og mønster.
Hatt eller strikka topphue kan brukast til bunaden.