Brodert trøye, rød vest og nikkers

Bunaden er rekonstruert etter draktskikken på slutten av 1700-talet.

TRØYA er i raudbrun vadmål. Ovanfor, nedanfor og mellom knapphola er det broderi. Det er sett i skrå kilar med splitt i sidene for å få vidde over hoftene. Knappane er av messing.

VESTEN er like sid som trøya og er i same raudbrune vadmål. Den har store knappar av messing kopiert etter original.

BELTET
Eit breitt brodert belte med bronsespenne utanpå vesten.

KNEBROKA
Knebrok i svart vadmål. Broka har smal klaff (bloke).

SELANE
Enkle grindvovne band med messingspenner som held broka oppe.

SKJORTA
Ein er usikker på kva skjorte som har vore brukt til denne drakta, så førebels må ein nytte same skjorte som til dei andre bunadane. Det er ei skjorte i grov lin med broderi på hals- og ermlinningar.

Rundt skjortekragen kan ein knytte eit silketørkle i ulike fargar og mønster.

Hatt eller strikka topphue kan brukast til bunaden.