Ermopplut

Opplut med ermar i blå vadmel i bolen og raud vadmel i ermane. Den har Horrlandsbore og maljeklut i trykt bomullsstoff kopiert etter originalen. Rundt maljekluten er det brodert med ullgarn i raudt, oransje og gult. Dei raude ermane er kanta framme med grønt ullband med broderi. Oppluten er handsydd.