Blått forkle med raudt og kvitt

Eit forkle i mørkeblått ullgarn med mønster i raudt ullgarn og kvitt lingarn. Linningen er eit handvove ullband. Linningen på originalforkleet er eit kvitt bomullsband med raudt mønster. Dette bandet har ein ikkje klart å skaffe fram. Ein har difor valt å bruke ein av dei andre kopierte forklelinningane. Originalforkleet er i privat eige.